Like over klokka halv tre tysdag ettermiddag fekk politiet melding om eit trafikkuhell mellom Sparebanken Sogn og Fjordane og Posten sine gamle lokale.
Ein eldre mann som stod parkert utanfor banken hadde rygga over hekken som skil parkeringsplassen frå vegen. Vidare hadde han rygga over vegen og inn på området der Posten held til før. Turen skal ha enda då mannen krasja inn i eit gjerde.
Mannen skal ikkje ha blitt hardt skadd opplyser politiet. Han blei raskt teken hand om av helsepersonell som kom til staden.
Det er oppretta sak på forholdet, Førde og Naustdal lensmannskontor etterforskar saka vidare.