Ulukka skjedde mellom Bue og Søylandskiosken ved kommunegrensa mellom Gjesdal og Bjerkreim klokka 15.30.
Ein død, tre skadde
– Dette er snakk om ei svært alvorleg ulukke. Ein person er død og tre er skadde, seier innsatsleiar i politiet, Sven Hegrestad.
Informasjonsavdelinga ved Stavanger universitetssjukehus opplyser klokka 19.30 at ei kvinne i 70-åra er alvorleg skadd og at tilstanden hennar er stabil.
For dei to andre, ein mann og ei kvinne i 50-åra, er ikkje avklart kor alvorleg skadene er, men dei er begge stabile.
Vegen stengd i fleire timar
Det var to bilar som frontkolliderte, i etterkant oppstod det også ein kjedekollisjon. Alle dei skadde personane var i bilane som frontkolliderte.
Vegen blei stengd like nord for Bue etter ulukka. Statens vegvesen tilrår omkøyring om Fv 504 til Fv 44 ved Varhaug og vidare tilbake Sandnes og E39.
Klokka 19.30 opplyser politiet at vegen vil opna innan ein time.
Har sendt krimteknikar
Politiet har nå undersøkt åstaden vidare, men kan framleis ikkje sei noko om kva som var årsaka til ulukka.
Krimteknikarar var på veg klokka 17.00.
Det blei sendt ut Sea King-redningshelikopter til ulukkesstaden då det ikkje var ledig legehelikopter.