Rio de Janeiro får kulturarvstatus

Som første by i verda blir Rio de Janeiro plassert på UNESCO si verdsarvliste over naturlandskap.

Arnt Stefansen - NRK-medarbeidar Arnt Stefansen tur UNESCO-plasseringa vil bety mykje for heimbyen Rio de Janeiro. - Foto: Sjur Øverås Knudsen / NRK

NRK-medarbeidar Arnt Stefansen tur UNESCO-plasseringa vil bety mykje for heimbyen Rio de Janeiro.

Foto: Sjur Øverås Knudsen / NRK

Den brasilianske byen Rio de Janeiro har tilnamnet «Cidade Maravilhosa» – den fantastiske byen.

No er heile landskapsområdet Carioca mellom fjella og havet i Rio de Janeiro blitt plassert på den prestisjetunge verdsarvlista til UNESCO.

Dette er første gong at ein by blir plassert på lista over naturlandskap.

– Staden inkluderer dei viktigaste naturlege elementa som har forma og inspirert utviklinga av byen, skriv UNESCO i si grunngjeving.

UNESCO trekk spesielt fram stranda Copacabana og Corcovado-fjellet med den kjende Kristus-statuen på toppen.

Harmoni mellom strand og fjell

NRK-medarbeidar Arnt Stefansen har budd i Rio de Janeiro i ei årrekkje, og er ikkje overraska over at byen blir plassert på verdsarvlista.

– Rio de Janeiro har ein form for harmoni mellom hav, land og by som ein ikkje finn nokon annan stad i verda, seier Stefansen.

Stefansen trur verdsarvstatus vil få mykje å seie for Rio de Janeiro, som skal vera vertsby både for VM i 2014 og for OL i 2016.

– Å få dette stempelet gjev byen ein ekstra status. Dessutan ligg det ein del pengar her. I grunngjevinga peikar UNESCO på ein del ting som bør utbetrast, som stranda Botafogo som er kraftig forureina og ubrukeleg som badestrand, seier Stefansen.

Farleg by

Alt er likevel ikkje berre harmoni i den fantastiske byen. Rio de Janeiro er merka av ekstreme skilnader mellom fattig og rik. Mange av dei fattige må bu i slummen - favelaen - der narkotika og kriminalitet er eit stort problem.

Byen har inntil nyleg hatt den tvilsame æra av å ha Latin-Amerikas største søppelfylling, Jardim Gramacho.

Les meir: Stengte Latin-Amerikas største søppelfylling.

– I samband med VM og OL brukar Brasil mykje ressursar på å endra dei lutfattige bydelane. Politi har gått inn for å fjerna narkobaronar i desse områda. Samstundes er det mange område der politiet ikkje har rydda opp. Rio er vakker, men framleis litt farleg, seier Stefansen.

Høyr intervju med Arnt Stefansen her: