Syklisten på Team Sky hamna i brudd med sin eigen lagkamerat, Lars Petter Nordhaug.
– Dei hadde avtala på førehand at Boasson Hagen skulle vinne, derfor blei det ikkje det store oppgjeret som vi arrangørande hadde håpa på, seier Helge Haugsdal, ansvarleg for arrangementet.
Edvald Boasson Hagen sykla roleg over målstreken til ein førsteplass, mens lagkameraten Nordhaug tok andreplassen. Kampen var større om bronseplassen, som gjekk til fjorårets vinnar, Alexander Kristoff.
Norsk trøye i touren
Det var Boasson Hagens første NM-seier på fellesstart for seniorer. Lars Petter Nordhaug vann i 2006.
Seieren til Boasson Hagen var kanskje avtalt, men også som håpa, ifølge arrangementsleiaren.
– Fordi det er viktig for Norge at mesterskapstrøya kjem med i Tour de France. Der er Boasson Hagen einaste nordmannen i år, seier Helge Haugdsdal, ansvarleg for arrangementet.
Hildegunn Hovdenak vann damenes fellesstart søndag.
Foto: Tom Guldbrandsen/Twinhouse
Skapar engasjement
Team Sky skal ha store planar for Edvald, som syklar saman med Bradley Wiggins, ein av favorittane til å vinne Tour de France.
– Det betyr mykje fordi det er prestisje. Det er viktig for engasjementet at vi har ein nordmann som er synleg i rittet. Det sa også Lars Petter Nordhaug etter målgangen, at han tenker på Norge og viktigheten av at den norske trøya blir synleg.
Tour de France startar 30. juni.