– Mannen var medviten, men snakkar dårleg norsk, seier brannsjef i Førde kommune, Bernhard Øberg, som var på ulykkesstaden.
I 11.55-tida vart det klart at mannen, etter å ha vore på kontroll ved Førde sentralsjukehus, har komme frå den dramatiske utforkøyringa, utan fysiske skadar.
Ulykka har skjedd i ein sving, og bilen har truleg komme køyrande frå Angedalen i retning Førde.
(Artikkelen held fram under biletet)
STORE SKADAR: Bilen ber tydeleg preg av å ha rulla rundt fleire gonger. Skadane er omfattande på heile bilen.
Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRKVar åleine i bilen
Mannen var åleine i bilen då ulykka skjedde. Det skal ikkje ha vore andre køyretøy involvert.
Årsaka til ulykka er ikkje kjend, og saka vil bli vidare etterforska av Førde og Naustdal lensmannskontor. Ulykka vart meld i 10-tida.
Tre utforkøyringar på same helg
Laurdag kveld køyrde ei kvinne i 50-åra utfor riksveg 5 i Sogndalsdalen i ei liknande ulykke.
Bilen sneia først ein midtrabatt og eit skilt, gjekk i vegrekkverket, før bilen flaug 20 meter ned ei skråning og enda i ei bjørk.
Tidlegare laurdag køyrde tre ungdommar i fjellveggen på riksveg 5 mellom Førde og Naustdal. Bilen hamna til slutt på eit jorde utanfor vegen. Ingen av dei tre unggutane kom fysisk til skade i ulykka.