Vatnasete 4 m sladd - LANGT: Bilen hamna langt nede i skogkanten. - Foto: Torbjørn Selseng / NRK

LANGT: Bilen hamna langt nede i skogkanten.

Foto: Torbjørn Selseng / NRK

Bilen hamna 20 meter nedanfor vegen etter utforkøyring

Ei kvinne i 50-åra er send til Førde sentralsjukehus etter ei utforkøyring på riksveg 5 ved Vatnasete i Sogndalsdalen.

– Det ser ut for at ho først har køyrt over ein midtrabatt, treft eit skilt som stod mitt på den, før ho har køyrt i rekkverket og vidare ned på marka, seier operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Einar Vereide.

Han er klar på at dette kunne gått mykje, mykje verre.

– Ho har nok hatt flaks, midt oppe i alt, seier Vereide.

Kvinna var ute av bilen då politiet kom til staden. Ho klaga då over smerter, men var medviten.

Var åleine i bilen

Bilen skal ha vore på veg i retning Fjærland, frå Sogndal, då ulykka skjedde. Kvinna som køyrde bilen skal ha vore åleine i bilen. Ulykka skjedde i ei 80-sone.

Bilen har rive med seg ein heil del meter vegrekkverk på den ville ferda. Bilen har truleg gått rundt i lufta og har slege nedi fleire stader før ferda enda i ei bjørk.

Bilen har fått store materielle skadar.

Utforkøyring Vatnasete - VILL FERD: Bilen har hatt ei lang luftferd før han stoppa i ei bjørk. - Foto: Torbjørn Selseng / NRK

VILL FERD: Bilen har hatt ei lang luftferd før han stoppa i ei bjørk.

Foto: Torbjørn Selseng / NRK