Helge Toft prøver å setja rekord i talet på konsertar på eitt døgn.

Helge Toft skal halda 65 konsertar på eitt døgn. Video: Rosa Irén Villalobos.

Kjem han i Guinness rekordbok?

Målet er 65 konsertar på eitt døgn. Det gir i så fall plass i Guinness rekordbok for haugesundsmusikaren Helge Toft.

Startskotet for konsertmaratonet gjekk 18.55 torsdag kveld.

Så går det slag i slag på fleire scener i Haugesund sentrum. For at rekorden skal bli godkjent, må kvar konsert vara i minimun 10 minutt.

– Eg innrømmer at dette er eit reint pr-stunt, seier Toft, før han tek til på første konsert.

«Eg inntrømmer at dette er eit reint pr-stunt.»

Helge Toft

Iskaffi og halspastillar

Fredag slepp han ny plate, og det er for å få merksemd rundt den han tek til på rekordforsøket.

– For å få merksemd på musikken i dag må du gjera noko spesielt. Eg har øvd i tre dagar for å få dette til, seier musikaren.

– Korleis har du førebudd deg?

Eg har drukke masse iskaffi og spist halspastillar, så eg trur dette skal gå bra.

«Eg har drukke masse iskaffi og spist halspastillar.»

Helge Toft

Speler på fleire scener

Toft har med seg eit bra crew med stoppeklokker, og 40–50 personar kjem til å følgja konsertane det komande døgnet.

Konsertane held fram til klokka 04 natt til fredag. Etter det blir det pause fram til klokka 07.30 fredag morgon.

Torsdag kveld er det konsert på Rica Maritim sin utescene. I løpet av neste døgn blir scener på heile kaiområdet i Haugesund besøkt og det heile avsluttast på Gamle Slaktehuset.

Toft på Maritim utescene - Helge Toft på Maritim utescene i Haugesund. - Foto: Rosa Irén Villalobos /

Helge Toft på Maritim utescene i Haugesund.

Foto: Rosa Irén Villalobos