Harry Potter - Harry Potter, ein av dei mest kjente og elska karakterane i verda, blir slem i Alan Moore sin teikneserie. - Foto: Murray Close /

Harry Potter, ein av dei mest kjente og elska karakterane i verda, blir slem i Alan Moore sin teikneserie.

Foto: Murray Close

Harry Potter er antikrist i populær teikneserie

Harry Potter blir tildelt rolla som skurken i ein ny teikneserie frå skaparen av «Watchmen», Alan Moore.

Alan Moore - Teikneserieskapar Alan Moore. - Foto: Vëon Menelion / Wikimedia Commons

Teikneserieskapar Alan Moore.

Foto: Vëon Menelion / Wikimedia Commons

Harry Potter er antikrist, ein vond skapning. Det direkte motsette av Jesus Kristus.

Det er i alle fall historia i Alan Moore sin nye teikneserie «Century 2009», skriv EW.

Namnet Harry Potter blir ikkje nemnt, men leietrådane er mange. Eit magisk tog, ein magisk skule, eit skjult arr.

Det er berre det at i Moore sin forteljing er Harry Potter besett, og det er han som terroriserer elevane på skulen.

Lik ligg strødde og born ber om nåde. Det er langt frå den Harry Potter me kjenner.

Skråblikk på populærkultur

Alan Moore er ein britisk teikneserieskapar, kjent for mellom anna «Watchmen» og «V for Vendetta».

«Century» er tredje del av serien «The League of Extraordinary Gentlemen», og består av «Century 1910» «Century 1969», og no blir «Century 2009» snart å finne i hyllene.

«Century 1969» vart ein av dei mestseljande teikneseriane i 2011, og fans ventar spente på fortsetjinga.

Serien tek føre seg vår populærkultur, med innslag av Shakespeare, Sherlock Holmes og «2001: A Space Odyssey».

Og no også Harry Potter.

Kvifor Harry Potter?

Laura Sneddon frå The Independent meiner skurken Harry Potter representerer korleis historier blir erstatta av varemerke med eitt føremål: å tene pengar.

– I dag blir filmrettane kjøpt før noko i det heile er publisert, teikneseriar blir laga som «storyboards» til film, og tenåringskjendisar skriv memoarar, skriv Sneddon.

– Og kven er vel ein betre representant for moderne popkultur en J.K. Rowling sin trollmann? spør ho.

Teikneserien blir å få kjøpt på nett frå 27. juni, 2012.