Mike Tyson sitt einmannsshow «Mike Tyson: Undisputed Truth» skal setjast opp på Longacre-teateret i New York, skriv ESPN.
Kvar kveld frå 31. juli til 5. august skal publikum få servert den usminka sanninga om det turbulente livet til den pensjonerte boksaren.
– Eg er veldig sårbar og eksponert, og fortel berre om kven eg er, kvar eg kjem frå og korleis dette skjedde, seier Tyson på pressekonferansen på teateret.
Showet hadde premiere i Las Vegas i april, men no slår Tyson seg saman med regissøren Spike Lee for å debutere på Broadway.
- LES OGSÅ:
«Rått og skittent»
Mike Tyson har måtte møte i retten ei rekkje gonger.
Foto: Tom Tingle / APTyson fortel at showet kjem til å bli «rått» og «skittent», men at han også skal vise sin sårbare side.
Han kjem til å fortelje om sitt vanskeleg ekteskap til skodespelarinna Robin Givens, tida i fengsel, forholdet til trenaren Cus D'Amato, og om tida på psykiatrisk klinikk der han fekk behandling for kokain-avhengnad, ifølgje ESPN.
Regissøren Spike Lee oppfordrar folk til å ha «eit ope sinn» til showet.
– Det tek mot å gå i ringen. Og det tek mot å gå opp på scena. Det er ein stor historie, og han fortel den meisterleg, seier han om Tyson.
Lee har regissert filmar som «Inside Man» og «Malcolm X».
- LES OGSÅ:
Skandale etter skandale
Mike Tyson bit av øyret til Evander Holyfield.
Foto: JACK SMITH / APTyson vart verdsmeister i tungvekt i 1986, berre 20 år gamal. Etter det tok livet hans ein del uheldige vendingar.
I 1990 vart han dømt for å ha valdteke ein deltakar i ein missekonkurranse. Tyson nektar for å ha valdteke kvinna, men måtte sone tre år i fengsel.
Historiene om narkotikamisbruk, vald mot kona, fyllekøyring og samanstøyt med fotografar har vore mange.
Også var det øyrebitinga. I ein boksekamp mot Evander Holyfield I 1997 beit Tyson av ein del av øyret hans.
I dag seier Tyson at han er lykkeleg gift og edru.
Medan hans gamle liv skal bli underhaldning på Broadway.
- LES OGSÅ: