Politiet ransaka huset til svensken og fann ein datamaskin full av teikningar.
Lundtröm jobba med oversetjing av japanske teikneseriar, eller «manga», og nokon av teikningane var av nakne born.
Det definerte to svenske rettsinstansar som barnepornografi.
- LES OGSÅ:
Frikjent
Han vart først idømt ei bot på 25.000 svenske kroner av tingretten i Uppsala. Seinare vart den senka til 5.600 kroner i Svea hovrätt.
Den gongen slo domstolane fast at lova mot barnepornografi gjeld alle bilete, også dei som er teikna.
Høgsterett seier bileta er pornografiske og føresteller born, men at dei berre er fantasiar, som ikkje kan forvekslast med verkelege born, skriv Aftonbladet.
Dommane frå tingretten og hovrätten er dermed ugyldige.
- LES OGSÅ:
– Eg er ikkje pedofil
Tidlegare har Mangaeksperten Lundström uttala at han ser på lova som ei begrensing på ytringsfridomen og vil ha den endra.
– Eg er ein oversetjar med lang erfaring, eg er ikkje ein slesk pedofil som forsvarar noko uforsvarleg. Det burde vere openbart for alle, sa han til Sydsvenskan.
Svenske PEN-klubben, Författarförbundet, Journalistförbundet og Seriefrämjandet har uttala sin støtte til Simon Lundström.
- LES OGSÅ:
Kan oversjå verkelege overgrep
Cecilia Wallin Carlsson, jurist hos Uppsalapolisen, seier hentai-teikningar kan verte brukte for å overtale born til å utføre dei handlingane som er avbilda.
– Nye teknikkar gjer det også mogleg å gjere fotografi om til teikning. Me kan misse verkelege overgrep om me må «bla forbi desse» teikningane, seier ho til Aftonbladet.
Sjølv om dommen frifinn Lundström, vil Carlsson ha ein gjennomgang og oversikt over lova.
– Debatten har vore for stor til å nøye seg med ein dom frå Høgsterett seier ho.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ: