DIREKTØR: Øivind Stenstad fortalde om årsaka til eksplosjonen på ein pressekonferanse måndag. (Arkivfoto)
Foto: Svein Sundsdal / NRK– Det er ikkje heilt klart, men eit hovudbilete ser ut til å teikne seg. Vi hadde ein liten lokal brann som oppstod på innsida av eit metallrør som fører oskygen, seier administrerande direktør, Øivind Stenstad til NRK.no.
- LES OGSÅ: 18-åring omkom etter eksplosjon
18-åring omkom
– Kvifor denne brannen oppstod er ikkje heilt klart, men mykje tyder på at det er fleire faktorar som har spelt inn. Dette vert undersøkt vidare, seier han.
Det var tysdag i førre veke at ein 18 år gammal mann døydde av skadene han pådrog seg etter eksplosjonen i nikkelverket. Sidan har både Arbeidstilsynet og politiet leita etter årsaka til eksplosjonen.
- LES OGSÅ: Flere skadd i eksplosjon
- LES OGSÅ: Livstrugande skada etter eksplosjon
– Brannen i dette røret som tok fyr har ei form som kan beskrivast som ein stikkflamme. Denne flammen har nok nådd kringliggjande elektrisk kabling, seier han.
– Kablinga har teke fyr og vi har etterkvart fått ein situasjon der branngassar frå denne kablinga har reagert med oksygen, seier Stenstad.
Trykkbølgje
I tillegg til den døde 18-åringen vart to andre personar skadde i eksplosjonen, men alle tre stod utanfor bygget eksplosjonen skjedde i.
- LES OGSÅ: Trykket stemning på Xstrata
– Når dette skjer får vi ei kraftig retta trykkbølgje, som finn vegen ut av bygget. Står ein nøyaktig der denne bølgja treff, kan det dessverre få fatale konsekvensar, seier han.
Var uheldig
Eksplosjonen skal ha skjedd i eit område der det normalt ikkje er eksplosjonsfare.
– 18-åringen var uheldig. Han var på feil stad til feil tid, seier eksplosjonsekspert Geir H. Pedersen.
Nikkelverket køyrer kun 60 prosent kobberproduksjon. Slik det ser ut no vil ingen bli permittert.
VIDEO: Sjå reportasje frå eksplosjonen.